Om Semje
Semje Familieterapi har som intensjon å kommunisere med folk på ulike måter som løyser opp i psykososiale vansker og konflikter.
Samtaleterapi for enkeltpersoner, par og familier
Semje Familieterapi har tru på at alt kan snakkes om i trygge rom.
Gode relasjonelle samspel gjer oss tryggere-sterkere - betre og meir robuste til å møte livet
Semje Familieterapi er tilgjengeleg og lett å få kontakt med.
Semje familieterapi har til ei kvar tid taushetsplikt.

Om familieterapi
Om familieterapi
KVA ER FAMILIETERAPI:
Familieterapi er fleire ulike tilnærmingar. Det som er felles for desse, er å forstå psykiske problem som problem mellom mennesker, og ikkje som problem ved det enkelte individ. Det handler om korleis problemet kan forståast, meininga problemet har fått, kvifor problemet vert oppretthalde og korleis det kan løysast.
KVIFOR FAMILIETERAPI:
Familieterapi er verksamt i forhald til mange av dei problem som barn og unge slit med, og vert tilrådt med basis i forskning som intervensjonsform for ei rekkje av dei problemstillingar me møter hos barn og unge. Familieterapi er også tilrådt for dei problem vaksne slit med.
Familieterapi har fokus på ressurser og det mogelege. Uansett korleis problem har oppstått representerer familien som oftast ein ressurs i forhald til å løyse dei.
(Astri Johnsen & Vigdis Torsteinsson, 2015)
Om meg
Hei
Eg er Ruth Johanne Dalland. Eg er 61 år og frå Tysnes. Tysnes er øya mellom Stord og Bergen og ein god stad å drive Semje Familieterapi.
I mi formelle kompetanse er eg utdanna klinisk spesialist i psykiatrisk sjukepleie og familieterapeut. Eg har lang arbeidserfaring frå spesialisthelsetjenesta og kommunehelsetjenesta. Mi erfaring i terapeutisk samarbeid med
med par, familiar og enkeltpersonar er at folk er folk, me er nokså like når problem kjem over oss. Plagsomme symptom som til dømes stress, uro, vansker med mat, søvn, følelsemessige ubehag som påvirker trivselen vår på måter som gjer det vanskeleg å handtere på eiga hand.
I rolla som familieterapeut er eg lyttende og nysgjerrig. I vårt terapeutiske samarbeid vil eg balansere mellom å bevisstgjere deg, anerkjenne deg, støtte og utfordre deg akkurat passe i forhald til kva vi samarbeide om.
Metoden er systemisk tilnærming, reflekterende samtaler og EFT-terapi
Målet er å skape eit trygt rom for at mine klienter får sortere, rydde og sjå nye muligheter